Vedjakten innanför Skrovoddane, Ofoten

Nordland · Norge · Sägenplats

Prästen sände den onde att hämta vinterved på en jakt – men risveden tyngde, och han blev liggande i stormen.

En präst i Vågan ägde svartboken, och då tjänstflickan av misstag läste honom lös sattes den onde i arbete. Prästen befallde honom att ta en jakt och hämta vinterved från Innlandet, allt han högg. Men risveden gjorde lasten så hög och tung att han blev liggande och kämpa innanför Skrovoddane i flera dagar med svidande händer. Till sist övergav han jakten och kom klagande till prästen, som mante ner honom genom ett sylhål i golvet.

Ukyndig løser fanden

Hinmannen innfyre Skrovoddane.

I Vågan var det ein prest som hadde svarteboka. Ein dag
hadde tenestgjenta hans vore på kontoret og teke til å kika i
bøkene hans. Kom ho så over svarteboka, og mot sin vilje kom
ho til å taka hinmannen laus. Han var der på flekken, og då
vart det presten som fekk stå fyre det.
Det fyrste det galdt um var å setja hinmannen til kropsleg
arbeid. Fekk han ikkje det, så tok han på sjelene. Dette var
seint utpå hausten.
No har det alltid vore smått med brenneveden i Lofoten. Folk
har kvart år lote få veden andre stader ifrå og kjøpa han. Men
på Innlandet var det store skogar og nøgda med ved.
Det låg nett ei stor klinkajekt på Vågahamna.
"Denne jekta skal du ta," sa presten med hinmannen, "og
reisa 'pund' Innlandet og henta vinterbrensla til Lofoten! Du
skal ta med kvart skattet og kvar kvisten av det du høgg. Her
spiller vi ikkje brensla! Segl har eg ikkje; men årar er det um-
bord."
Hinmannen så gjorde. Han tok jekta og rodde 'pund' Inn-
landet og hogg ved. Rubb og stubb fellte han, frå fjæra til fjell.
Då han heldt på å skipa inn, vart farmen så høg for han.
Det bar meir enn midt i mastra med alt riset som han skulde
ha med. Dette var han leid av seg for og mumla noko um.
Han rodde stilla til han kom midfjords; men så kom nord-
vesten på han. Då fekk han vita av at han hadde risved i far-
men. Han andøvte og sleit så hendene både svei og svall; men
tyngre og tyngre gjekk det. Då han kom inn av Skrovoddane,
auka vinden upp til rokk, og der vart han liggjande. Han and-
øvte i fleire dagar; men det gjekk heller att enn fram. Tilslutt
vart han sinna og forlet jekta. - Så fór han til Vågapresten
og klaga seg: Han hadde rett anna å gjera enn å liggja inn-
fyre Skrovoddane og halda seg med handsår, meinte han. No
fekk presten sjå å senda han heim.
"Ja, heim skal du få koma," sa presten, "men sinna gjer
du ikkje vera, for eg har aldri tenkt å gjera deg til større mann
enn du er." Så tok han ein lang syl og sette ned igjenom golvet.
Der inn igjenom sylholet mana han hinmannen. Han både sleit
og vreid seg og vilde slett ikkje gjera seg så liten; men han laut
til - og med same han fór, så gnallskreik han.
Jekta, ho rakk 'pund' Innlandet og forliste. Der er ho no
både skjer og båar, og enno har ikkje lofotingane fått vinter-
veden heim.

Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling.

FAQ

Var ligger Vedjakten innanför Skrovoddane, Ofoten?

Vedjakten innanför Skrovoddane, Ofoten ligger i Nordland, Norge.

Fler hemsökta platser i Nordland

Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.