Trollsteinen vid kyrkan i Vågan

Nordland · Norge · Sägenplats

En sten med klomärken vid stranden påminner om dagen då den onde sökte gräva ner kyrkan.

Vid Skrova i Vågan berättas att prästens dotter läste fram den onde ur en gammal bok. Hon satte honom att ösa ut en sandbacke i havet, men han började gräva under kyrkomuren tills prästen kom hem och manade in honom i en fjällvägg. I vrede slungade han en sten som ännu ligger kvar och kallas Trollsteinen.

Ukyndig løser fanden

Segna om Trollsteinen.

Det var den tid hr. Oluf var prest i Vågan. - Så var han
i Skrova ein synndag, og med han var borte, gav dotter hass
seg til å bla i bøkene hass. Det var slikt som ho ikkje fekk
lov til når faren var heime.
Best som ho heldt på med dettan, så kom ho over ei under-
leg gammal bok med rare ord og bokstavar. Ho skjøna ikkje
stort av det, men stava i veg så godt ho kunne. Men då visste
ho ikkje av før det banka på døra, og inn kjem ein kar med
hesthov, og små knovlar i skolten. Han står og klipper med
fingrane, og med kvart så rangar han auga så stugt, så ho ser
berre kviten i dei.
Ka ho vilde, spurde han.
Ho, stakkar, ho ville han visst ingen ting, berre ønskte han
pokkern i velt. Men så visste ho det, at ha' ein først løyst den
on', så vart ein ikkje kvitt han så lett. Ho måtte finne på
noko åt han som han sku gjere, til faren kom heim.
Jau, sa ho, - du ser den sandmelen der ute, imella kjerka
og stranda. Den kan du ta og ause ut i havet, og den jekta
som ligg der, kan du få til å ause med.
Og gamlingen på dør og til å ause, så spruten stod lokst
til himmels. Rart sku det no vere om han ikkje sku greie å
grave ut så mykje jord at han kom punn' muren på kjerka,
og då -.
Og han grov. -
Med' dettan stod på, var presten alt komen på preikestolen
i Skrova. Men så med ein gong vart han så rar. No måtte
han slutte, sa han, for no var det ikkje som det sku vere
heime. Og ned av stolen kom han seg i ei fart og ned i båten,
og skysskarane til å ro berre alt det dei orka.
Då han kom fram, var hinmannen alt nådd heilt opp åt
kjerka med gravinga si, og no dreiv han på verre og verre,
så presten sku kje ha kome åt land berre for spruten av sand
og sjy. Men då skjøna presten ka som stod på. Dermed så la
han seg ned i skotten og til å mumle noko for seg sjølv. Men
då vart det stilt. -
Sidan fekk presten han Meisk for seg og truga han inn i ein
bratt fjellvegg straks aust for kjerka, i Kortvika, dei kallar.
Men hinmannen var så sinna at han tok ein diger stein og hiva
etter kjerka. Men anten han no sikta gale eller ka det var
som gjorde det, så trefte han ikkje, og steinen vart liggande
i bakkehallet sør for vågen, der han ligg den dag i dag. Du
kan enda sjå merke etter klørne til hinmannen i han, og folk
kallar han Trollsteinen.
Men i fjellveggen i Kortvika, som han Meisk måtte inn i,
kan du sjå ein underleg laga klump av svart stein, og det er
då han gammelstein sjølv.

Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling, arkiv-id NFL 93.

FAQ

Var ligger Trollsteinen vid kyrkan i Vågan?

Trollsteinen vid kyrkan i Vågan ligger i Nordland, Norge.

Fler hemsökta platser i Nordland

Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.