Petter Dass och häxan på kvasten, Vågan

Nordland · Norge · Kyrka

Prästen förvandlade den onde till en häst och red till Köpenhamn – och en häxa följde efter på sin kvast.

I Vågan berättas att Petter Dass på Alstahaug var den skickligaste med svartboken. När den onde kom med bud om att han skulle predika i Köpenhamn förvandlade prästen honom till en häst och red dit lika snabbt som vinden. Häxan Legd-Else följde efter på kvasten och har berättat allt. Prästen predikade över ett tomt blad, men efter den natten försvann häxan spårlöst, och uttrycket Petter Dass-skjuts lever kvar.

Skyss med fanden

Det var mange av prestane i den gamle tida som var flinke til å bruke svarteboka. Ja, ein kan mest seie at ein prest som ikkje hadde svarteboka og kunne lese i henne "sån til husbruk", han var ikkje stort til prest. Dei gamle sa at svarteboka var den sjette moseboka. Blada var av svart pergament, og skrifta var raud - skreve med blod. Dei prestane som hadde studert i Wittenberg var flinkast til å bruke svarteboka, men prestar som hadde lært hos dei, var heller ikkje vekke. Med svarteboka kunne ein mane dauingar, stoppe blod, bètte tjyven, opendage ugjerningar, skræme skrømt og mane og hundse med sjølve Styggen. Men det var eit farleg arbeid, for leste ein feil, så var ikkje gamlingen sein til å huke stakkaren og ta han med seg "dit heitast di elda". Den flinkaste presten i så måte var han Petter Dass på Alstahaug. Det var kar som kunne handsame svarteboka både med fynd og klem, når han meinte det treng- test. Eingong kom svarten sjølv med bod frå kongen i Køben- havn at Petter Dass skulle preike i slottskyrkja andre dagen, som var juledagen. Då presten såg hestehoven, skjønte han kven han hadde for seg og sa: "Ja, eg skal nok reise, men I skal sjølv få skaffe skyss." Og med svarteboka i hand gjorde han Styggen om til ein hest. Så sette presten seg på ryggen hans, og det bar avstad så fort som vinden. Men ho Legd-Else som dreiv med heksekunster, reid etter på limen, og det er ho som har fortalt alt. Presten preika i København, og det var ei preik som ingen hadde høyrt maken til, endå stormen- nene der nede hadde lagt nokre blanke blad på preikestolen og sagt at preika låg der ferdigskreven. Dei ville halde ap og leven med "ein fattig landsprest frå Tule". Han reid på same hesten heim att og heldt preik i Alstadhaugkyrkja andre- dag jul. Men den kvelden kom ho Legd-Else bort, og ingen visste kvar det vart av henne. Etter den tid har ein ordtaket om "Petter Dass-skyss" når ein fer fort, og "ein fer med livet i hendene".

Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling, arkiv-id NFL 93.

FAQ

Var ligger Petter Dass och häxan på kvasten, Vågan?

Petter Dass och häxan på kvasten, Vågan ligger i Nordland, Norge.

Fler hemsökta platser i Nordland

Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.