Tore Rönningen och puken på vägen till Gaustad
Hedmark · Norge · Sägenplats
Tore fick skjuts av en främling som körde både på marken och genom luften — och förstod sent att han skrapat mot kyrkspiran på en färd med själva puken.
Från Eidskog berättas om Tore Rönningen från Gaustad, som på hemvägen från Christiania fick skjuts av en främmande karl som körde rasande fort, både på marken och i luften. När något skrapade mot meden sade mannen att det bara var spiran på Oppstad kyrka. Mannen skulle till en granngård för att stödja en barnaföderska, men Tore varnade grannarna, vilket gjorde puken rasande. Sedan kom puken som en svart hund och knurrade under bordet i flera nätter, tills prästen Mentz Rynning drev ut honom.
Skyss med fanden
Skyss med puken.

Han T o r e R ø n n i li g e n frå Gaustad fekk skyss med
Puken ein gong. -
Håssen det bar til? Jau, han Tore hadde vore inni Christianina
eit ærend, og så gav han seg til å rusla på heimvegen.
Du veit at dette hende lenge før jarnvegen kom.
Da han Tore var ved Grorud i kveldingen, sa var det ein
som kom køyrande med hest etter han. Denne framandkaren
protta på gampen og stana. Men det var for mørkt til at han
Tore kunne sjå noko vidare av mannen.
"Vil du ha skjuss?"
"Det er itte fritt før det," svara han Tore.
"Hå langt har du tenkt dæ?" spurde mannen.
"Je skar tel Gaustad i Eidskog."
"Tel same bigda skar je au. Du får stå bakpå, men høll dæ
gødt fast før je kjører fort."
Han Tore så gjorde, medan han grunna på kva dette var
for ein kar. Men han slapp å gruvla på det så lenge, for han
fekk skyss som aldri før.
Det gjekk både på jorda som oppe i lufta. Han Tore hadde
nok med å halda seg fast i knottane på spiss-sleden. Ein stad
var det noko som tok i eine meien så det skrapa.
"Å var detta?" våga han Tore seg til å segja.
"Det var bære spiret på Oppstadkjerkja i 0dalen," svara
mannen. Og så bar det vidare att. Fortare og fortare.
Så om ei god stund spurde Tore den vonde:
"Å har du tenkt dæ som har så bråttom?"
"Je skar innom grannegarn din og hølle om riggen på ei
jinte som skar eiga bån i kvæll."
Så slo puken på hesten att med svipa si. Og om ei stund
sa stana han.
"Ja, nå er du framme, Tore."
Han Tore takka for skyssen, og meir enn nøgd var han tå
denne ferda. Men han Tore gjekk ikkje heim, men tok bein-
vegen til grannegarden. Og der tala han om kva for eit ærend
den vonde var ute i, og at dei fekk passa på gjenta. Og så
vart gjort.
Men da han Tore gjekk heimatt, så møtte han puken ved
grindsleet. Og nå var den vonde meir enn gretten.
"Hadde je visst at du gjorde mæ detta peiket, så hadde du
itte fått øki med mæ." Og så vart puken med eitt borte. Men
utpå natta fekk ikkje han Tore svevnen, for da kom puken til
han og låg som ein svart hund og knurra under bordet. Og
der synte han seg i fleire netter, men da gjekk han Tore etter
ein kar som kunne meir enn andre. Han karen makta ikkje
å få den vonde ut. Puken hadde tatt tak i stolpen under
bordet.
"Je skar finne den som skar få dæ ut!" skreik mannen.
"Det er full Vingerstitten det, da," svara den vonde.
Det vart så sendt bod etter presten Mentz Rynning, og han
kom med det same. Og det var kar som kunne meir enn Fader-
våret sitt.
"Du har gjort mang ei sind," sa den vonde til presten.
"Det kan vel være at jeg har syndet," svara Rynning, "men
det har nu ikke vært overlagte synder".
"Du har støli ei salmebok," sa puken.
"Det var for at binde dig med," svara presten.
"Så har du tii ein kortleik."
"Den nytter jeg paa samme maaden som salmebogen og
binder dig med," svara Vingerstitten.
"Så har du tii eit gånniste."
"Det var for at reparere buksen min en gang jeg skulde
til Matrand kirke."
"Så har du drii på dæ husua på vinstre foten fist."
"Det kan jeg gjøre om igjen," svara presten.
Da skjøna puken at han ikkje rådde med Vingerstitten, og
ba han om å få gå ut gjenom døra.
"Nei," svara presten, "det er altfor lettvindt for dig".
Da ba puken om å få fara murpipa.
"Ikke den heller," svara presten, "men denne veien skal
du faa fare".
Presten peika på blysprossa i glaset. Der stakk Rynning eit
hol med ein fin syl. Og gjenom dette tronge holet laut den
vonde trass at han jamra fælt og ba for seg. Det var nok
meir enn trongt for han. -
Heile stua rista da den vonde sleit seg gjenom, og heile
glasryftet følgde med. Men etter den dagen såg ikkje han
Tore Rønningen meir til den vonde.

Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling.
FAQ
Var ligger Tore Rönningen och puken på vägen till Gaustad?
Tore Rönningen och puken på vägen till Gaustad ligger i Hedmark, Norge.
Fler hemsökta platser i Hedmark
- Petter Dass tre knackningar, Rendalen Hedmark · Kyrka
- Hästfoten under bordet på Hirhalsen, Stor-Elvdal Hedmark · Sägenplats
- Helje som dansades ihjäl (Elverum) Hedmark · Sägenplats
- Mentz Rynning och det stulna hjulet, Eidskog Hedmark · Sägenplats
- Mannen som sålde sin själ (Eidskog) Hedmark · Sägenplats
- Djävulen under kortbordet (Rudsvika, Eidskog) Hedmark · Sägenplats
- Thams och Gamle-Erik i Rakkestad, Eidskog Hedmark · Sägenplats
- Den fördröjda inbjudan till Petter Dass, Nord-Odal Hedmark · Kyrka
Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.