Pojken som höll den onde sysselsatt, Verdal
Nord-Trønderlag · Norge · Sägenplats
Med säckar utan botten och ett krokigt hårstrå höll en pojke djävulen upptagen tills prästen kom.
I Verdal berättas om en pojke som råkade läsa fram den onde ur svartboken. För att vinna tid gav han honom omöjliga uppdrag: bära en säck korn full med hål och en dunbädd som läckte. Till sist satte han honom att räta ut ett krokigt hårstrå, och medan han grät över det kom prästen och band honom.
Ukyndig løser fanden
Det var ein gut som fann svarteboka ein gong, og so byrja han å lesa i henne. Han trefte so til å slå upp den sida der det stod fortalt korleis ein skal løysa han Gammel-Erik. Og medan han stod der med boka, kom ogso vondemannen og spurde kva han vilde 'åm. Gutten visste ikkje korleis han kunde binda han, og måtte difor gi 'åm noko arbeid som kunde hefta han, til presten vann koma. Det låg ein sekk med bygg der ein stad, og det var eit stort hol i den. Denne sekken skulde so vondemannen bera burt på ein annan plass. Då han reiste med sekken, rann sjølsagt alt bygget ut, og han fekk eit fårleg stræv med å plukka det upp atter. Det drygdes difor lite grand, men det var ikkje lang stunda fyrr han var ferdig med det arbeidet. Og presten hadde enno ikkje vunne koma. So måtte guten gi 'åm eit anna arbeid, so han hadde noko å halda på med. Det låg ei stor dundyne der, og det var eit stort hol i henne. Denne dundyna skulde han Gammel-Sjul bera burt på ein annan plass. Då han la i veg med dyna, fauk all duna ut i ver og vind, og det vart eit fælt stræv å samla ho i hop atter. Men då han Gammel-Sjul var ferdig, kom han att og spurde etter meir arbeid. No visste guten ikkje si arme råd kva han skulde finna på til å hefta han; for presten var enno ikkje ko- men. Men guten var ikkje vekke heller, og so reiv han laus eit krølla hår. Det sette han gamlen til å beinka. Men den gongen hadde han Gammel-Erik fått eit arbeid som var verre. Han stræva og stræva; men det slo seg like krokut for 'åm. Til slutt lyfte han på ein stabbursstolpe og persa det under der; men det hjelpte ikkje. Då gret han Gammel-Erik. Han arbeidde og gret; men det var uråd for 'åm å beinka dette håret. Og so kom presten og batt han.
Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling.
FAQ
Var ligger Pojken som höll den onde sysselsatt, Verdal?
Pojken som höll den onde sysselsatt, Verdal ligger i Nord-Trønderlag, Norge.
Fler hemsökta platser i Nord-Trønderlag
- Peter Dass nattflykt till Köpenhamn, Leksvik Nord-Trønderlag · Kyrka
- Julgästen på Finnbuan (Leksvik) Nord-Trønderlag · Sägenplats
- Fanden tog bruden i Leksvik Nord-Trønderlag · Sägenplats
- Tjänstepojkens befallning i Verdal Nord-Trønderlag · Sägenplats
- Dale Mentalsykehus Sandnes, Rogaland · Sjukhus (övergivet)
- Trudvang Gjestegård, Larvik Vestfold og Telemark, Larvik · Värdshus
- Gave & Interiørglede, Hamar Innlandet, Hamar · Butik
- Akershus slottskirke och Det kongelige mausoleum Oslo · Kyrka
Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.