Bröllopsdansen och kortspelet, Numedal

Buskerud · Norge · Sägenplats

En svekfull brud dansades bort av en främling, och en kortlek dolde klor under bordet.

Från Numedal berättas två sammanflätade sägner. En flicka som svikit sin trolovning dansades vid bröllopet ut genom dörren av en främmande karl och sågs aldrig mer. På en annan gård spelades kort med en fin herre som ständigt vann, tills en tappad kort avslöjade hans klor kring bordsfoten – och bara Røkenprästen kunde till slut driva bort honom.

Djevelen

Det var to ungdomar som var blitt einige om å ha einannan. Gjenta lova det at om ho sveik gutten, skulde ho høre djevelen til. Ho svor på det. Men ho høldt ikkje det ho hadde lova. Ho
sveik gutten sin og la i veig med ein an' ein. Så var det brølløpskvelden. Døm var alt kømmi så langt at
døm dansa. Da kom det inn ein stram kar. Han vart ståande litt og sjå på. Men snart vart han med i dansen, han og. Han dansa med den eine gjenta etter den andre. Til slutt haddehan att bare brura. Da kom han bortåt hennar, døm la til og dansa, og dansa låtten til ende. Da visste ikkje følk tå, før
døm drog beint ut begge to. Med det samma døm for ut gjennom døra,så sa han det denna fremmenkaren: «Du sveik, du sveik den rette guten din, du svor, du svor du vilde vera min.»
Gjenta såg døm aldri meir til. Det var nok stussleg i brølløppet etterpå. Det var på ein gard uti bygda. Der var døm så fæle tilå spella kort. Ein søndag gikk mann og kjæringa til alters. Om kvelden satt døm der og spella kort att. Både mann og kjæringa var med. Da banka det på døra uti svala. Kjæringa gikk stad og skulde sjå hå det var for noko. Da var det ein fin herremann. Han bad om han kunde få snakke med mannen hennas. Ho gikk da inn og snakka om det til mann sin, og han gikk ut. Denna herremann spurte om han kunde få vera med inn og få et slag kort, han og. Ja, det skulde han så gjerne få lov til, og han vart med inn. Så klemte døm til å spella att. Men, døm fekk noko anna å
tenke på. Denna fremmenkaren vant støtt. Han spella tå dessan andre alle pengane d øm åtte, døm banna og let ille for det døm tapa så. Da datt det ein kort på gølvet. Mann i huset bøgde sei ned
og skulde ta 'n oppatt. Døm satt og spella ved et slikt gammaldags bord. Det var tre små bein som var festa til ein kubbe som bar plata. Denne kubben var sk øri til så han var vridd som ein korkeskruve.
Da nå mann skulde ta opp denna korten, fekk' n sjå noko han i ikkje hadde venta. Der satt denna fine mannen og hadde krøkt. kløane sine om kubben under bordet. Da skjønna døm håkken det
var døm spella i lag med. Døm vilde bli kvitt' n, kan du veta. Døm både gret og bad at han måtte gå, men han hadde sett sei på ein krakk ved peisen, og vilde ikkje ut.
«Di har bede mei inn her sjølve, og je går ikkje,» sa han. Folk prøva alle rådir. Døm var etter presten, men han hadde inga makt over' n. Til slutt kom døm på at døm skulde fåt fatt i Røkenpresten. Da han hørte at døm skulde ha fatt i han, sa han at mot denna Røkenbikkja kunde han ikkje stå sei. Men han vart sittande likevel. Så kom Røkenpresten. Da vilde den vonde g å tå sei sjøl. Men nei, det skulde han ikkje få lov til. Han skulde gjennom nykelpipa i døra. Han bad så fint å få sleppe det, men presten gav sei ikkje. Den veigen måtte'n. Men det vart nok fælt til leven, det både gvein og peip om'n da han for ut. Sia var døm kvitt'n au. Han far tente borti Numedal. Han var bare som ein liten små fant da. Det var enda på Rauland han tente. Det var gardsgiveri (skyss-skifte) der i den tida, og han far var som ein slags visargutt for døm der. Ein kveld vart det sittande et drikkelag og ture der. Men så
fekk døm for lite å ture med. Så var det ein stad lenger borti bygda døm hadde å selja. Han far vart sendt dit etter meir å drikke på. Vintertida var det, men ikkje så mørkt. Han far var
ikkje noko huga på det, han var da bare ein småfant. Men hå skulde han gjøra mot ein heil flokk med fulle karar? Han måtte gå. Da han var kømmi et stykkje på veigen, kom det ein kjørar og nå
dde han att. Ein finaktig kar var det, og han hadde slik fin, svart hest. Han stana og sa at gutten kunde få stå bakpå med. Han far krabba sei oppå. Da visste han ikkje tå, før det bar reint opp i lufta m
ed døm. Fort bar det oppigjennom, og han vart redd. Han krabba sei utpå meien og sleppte sei ned. Han datt ned lenger fram i veigen. Han visste mest ikkje greie på sei, men fant da veigen
fram til hus att. Da han kom fram til Raulandstunet, fekk han sjå noko som gjorde han reint forferda. Der sto denna svarte hesten med frambeina opp på dørhella. Det var nok den vonde sj
øl som åtte hesten. Han sjøl var inne i stugua, for dersto to brørar over einannan med knivar. Nettopp som han far kom fram i tunet, låg den eine tå døm oppå den andre og reidde han
til med kniven så det stod om livet med han etterpå. Håss det gikk, om han kom sei eller han strauk med, det kan je ikkje sei' , men je hugsar han far gret når han snakka om detta. Og
han sa det: «Je kan nå ikkje skjønne hå det var for ei stor synd je hadde
gjort. Men noko gæli måtte det vøri, for han vilde reist med mei.»
Det er gammalt at når ein blistrar låttar, så dansar den vonde bakom ein. «Du må ikkje blistre låttar, for da dansar den vonde!» sa ho bestemor. Det var ei gammal kjæring i Kjosar. Kjosar ligg i Numedal, men ikkje langt frå bygdedeilet på Grenskaugen. Denna gamle kjæringa var fælt sjuk, og låg på det siste.
Da visste døm ikkje tå før det kom ein fremmenkar rekande innom. De var enda slik fin kar, hest og kjøregreie hadde han med. Han gav sei til å fortelja at gamla skulde fløtta. Ho skulde bli med han ut og fara, sa han. Han fekk ho opp tor plagga og fekk lempa ho ut. Han sette ho oppi kjøregreia, og så bar det av garde. Nå budde det ein gammal skomaker i Kjosar. Han fekk hug til å sjå hå detta bar hen. Han hengte sei bakpå med døm, og vart med dit gamla skulde. Da døm kom fram til porten, kjente skomakeren at det var stygt hett der. Ein mann rota gjennom ei stor bok, og såg etter
om gamla hørte heime der. Det gjorde ho, og vart sleppt inn med ein gong. Døm såg etter om skomakeren hørte heime der, men det gjorde han ikkje. Han vart jaga heim med ein gong. Han kom ikkje heim att før om åtte dagar. Nettop den dagen var det likferd etter gamla. Skomakeren, som hadde greie på hå ho var hen, fekk hug til å sjå hå det var i kista. Han fekk døm til å gløtte på lokket. Da var det bare ein orekubbe som låg der.

Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling.

FAQ

Var ligger Bröllopsdansen och kortspelet, Numedal?

Bröllopsdansen och kortspelet, Numedal ligger i Buskerud, Norge.

Fler hemsökta platser i Buskerud

Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.