Hjelmelands-prästens strid, Aardal
Rogaland · Norge · Sägenplats
På hemvägen mötte han den onde slingrande som en orm över berget.
Hjelmelands-prästen predikade i Aardals kyrka när han kände att det stod illa till hemma. Hans hustru hade ofrivilligt läst loss den onde. Prästen red hem, mötte honom på berget och höll honom upptagen med omöjliga sysslor – tvinna rep av sand, bära vatten i ett såll – och tvistade sedan med honom om gamla stölder innan han kunde binda honom.
Ukyndig løser fanden
HJELMELANDS-PRESTEN.

Hjelmelands-presten preika ein sundag i Aardals kyrkja.
Det var og ein mann som kunde meir en mata seg; han hadde
vore i nedgangsskulen og lært svarteboki. Best som han stod
paa stolen den sundagen, kjende han det paa seg at det stod
gale til heime. So bad han folket orsaka, og sprang so ned
av preikestolen og ut or kyrkja. Der fekk han i hesten sin
og reid av stad so fort som det lét seg gjera.
Heime hadde det gjenge sameleis som dei fyrre staderne,
at prestkona uvilja hadde løyst vondemannen. Fyrr ho visste,
av nokon ting, kom hin springande og spurde kva ho vilde.
Prestkona styrde han til presten, og av stad laut han; for
han lyt alltid lyda naar dei styrer han ein stad. Daa presten
var komen mest til Sande, kom hinmannen til møtes med ho-
nom; han kom rennande paa berget lik ein orm.
Presten vilde hava ei tid og laga seg til fyrr han gav seg
i strid med hinmannen. Difyr sa han honom fyre sume ting.
Det eine var at han skulde leggja tog av sand. Den vonde
gjorde seg blid og spurde um han ikkje kunde faa ein kopp
med tjøra. "Nei," sa presten; "gjer det som du er fyre sagd,
og det fort." So fór han ned i fjøra og gav seg til aa spinna.
Han fekk lagt eit par famnar og, men daa rauk det av. Det
andre var eit arbeid som aaleita han meir; han skulde taka
eit hæresaald og bera full løda av vatn; for no var presten
og hinmannen komne heim til prestagarden. Kvar gong han
daa kom upp aat løda, var saaldet tomt; vatnet hadde runne
ned paa vegen. Daa vart hin so reint yvergjeven at han sette
seg paa ein stein og gret. So gjekk han inn til presten og
sa at no hadde han lagt han fyre eit arbeid som var ugjerande.
Presten vilde hava fred endaa eit bil og bad han ganga ned
aat strandi og byggja ei bru tvert yver sundet til Umbo, og
den skulde han byggja av sand. Hin gjekk og gav seg til aa
byggja; men kor god bygningsmann han var, so fekk han ikkje
dette til; sanden flaut ut-yver i vatnet so fort som han fekk'n
nedi. Daa vart han harm og gjekk inn til presten. "Hev du
ikkje anna aa setja meg til, so vil eg taka deg," sa han. "Nei
no hev eg ikkje meir arbeid aat deg; men no vil eg binda deg,"
sa presten. "Du var den rette til aa binda meg, du, din tjuv!"
sa hinmannen. "Kva hev eg stole?" sa presten. "Du hev stole
ei bok," sa hin. "Det skal ikkje du hava godt av," sa presten;
"eg hadde ingen ting aa hjelpa meg med, og so tok eg boki
til ei naudverja." "Du hev stole eit braud og," sa den vonde.
"Det skal heller ikkje du hava godt av," sa presten; "eg var
fatig og hadde ingen ting, og so tok eg braudet til ei naud-
verja." "Men du hev stole klæde og," sa den vonde. "Det
gjorde eg og fyr naud skuld," si presten, "og no er du bun-
den." "Kvar vil du eg skal ganga daa? Ut gjennom glaset?"
sa den vonde. "Nei," sa presten. "Skal eg ut gjennom veggen
daa?" spurte hin. "Nei," sa presten. "Skal eg upp gjennom
loftet daa" spurde hin. "Nei, her skal du ned!" sa presten
og stakk eit hol i golvet med ei naal. Vondemannen kasta
klædi av seg; han hadde gjenge klædd som ein storkar, maa
vita, og so laut han til liksom aa skruva seg gjenom det yrande
litle holet.
Andre fortel at presten batt hinmannen paa berget utan-
fyr Sande, daa han kom der lik ein orm. Det syner endaa eit
ormelikjend i berget tett ved prestvegen.
Korleis det var med dette, so vart han bunden, og sidan
hev aldri vondemannen vore laus paa Hjelmeland, det eg veit
daa. Og det som meir er: dei hev aldri set orm paa presta-
garden sidan.

Uppteckning ur Norsk folkeminnesamling.
FAQ
Var ligger Hjelmelands-prästens strid, Aardal?
Hjelmelands-prästens strid, Aardal ligger i Rogaland, Norge.
Fler hemsökta platser i Rogaland
- Filmteateret Stavanger — Kinosal 1 Stavanger, Rogaland · Biograf
- Randøy, Ryfylke Stavanger, Rogaland · Ö
- Dale Mentalsykehus Sandnes, Rogaland · Sjukhus (övergivet)
- Utstein kloster, Mosterøy Rogaland · Kloster
- Sola ruinkirke Rogaland · Ruin
- Lye-prästens hemfärd, Gjestal Rogaland · Sägenplats
- Stranda-prästen och hålet i golvet Rogaland · Sägenplats
- Prästen och ljuset som inte gick att blåsa ut, Sauda Rogaland · Kyrka
Uppgifterna bygger på lokal folktro och vittnesberättelser.